Sommarskuta STATSRAAD LEHMKUHL er vel i hamn på Tromøya ved Arendal i kveld. Alle med interesse for det maritime har vore “medseglarar” på NRK 1. Kåre K. Rød og Audun Eik, som var skuleskipsgutar i si tid, har mange gode minne. Dei kjenner seg att i det meste. Ein skilnad kjem klart fram. Kåre og Audun gjekk i riggen utan sikring, anten det var på kystseglas eller i Atlanteren. Så langt vi kjenner til, er Kåre og Audun dei einaste frå Uskedalen med fartstid på den staselege seglskuta. Bilete syner Kåre K. Rød som skuleskipsgut i 1958.

Audun i riggen ( utan sikring ) på store bramsegl på styrbord side. Motivet er frå Vågen i Bergen før avreise til USA.

Kåre K. Rød, 16 år gamal, mønstra på i 1958. Han gjekk to kurs kvar på 3 månader, fyrst i byssa – seinare på dekk. Planen var seglas til Boston i USA, men det vart ikkje noko av. Sommartoktet gjekk til Nord Noreg med stevnemøte med Amerikalinja sitt skip BERGENSFJORD på Nordkapp 10. juli. Kåre hadde plassen sin i riggen som nokgast på styrbord brammen. Hyra var kr. 5,- pr veke. Kåre reiste seinare til sjøs på Mowinckel sine stukkgodsbåtar NORMA og på SALTA som jungmann og lettmatros.

Audun var berre 15 år gamal då han kom på STATSRAAd LEHMKUHL. Det var i 1964. Etter grundig føebuing med opprigging og dokking på Laksevag, gjekk turen til Lisboa og vidare til Bermuda i kappseglas mellom anna med SØRLANDET og CHRISTIAN RADICH. Seglasen gjekk så til New York der ein fekk oppleva verdsutstillinga 1964. 25. august la ein til kai i Bergen etter totalt 66 døger i sjøen. Audun gjekk i riggen og hadde fast plass på styrbord store bramsegl. Det er nedst øverst i riggen. Audun vart ikkje sjømann, men byrja på yrksskulen i Dimmelsvik og seinare vart SØRAL arbeidsplassen hans som mekanikar på verkstaden.

Kåre og ein annan medseglar vert intervju av ein journalist i Trømsø.

Den som vil lesa meir om Kåre og Audun som skuleskipsgutar, kan finna Uskedalsposten sommar 2015 her på uskedalen.no. Finn Historie – Uskedalsposten.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå private fotoalbum