Dekkservice Vest ved dagleg leiar Johannes Hjønnevåg frå Uskedalen er kåra til Årets nykomar av Dekkpartner-kjeda i Noreg. Verksemda Dekkservice Vest med hovudsete på Husnes og med filial i Rosendal Det har vore ei rivande utvikling frå starten i ein garasje i Uskedalen, via lokale ved Hellandsbrua til noverande lokale på Bogsnes. Då uskedalen.no var innom den romslege dekkverkstaden på Husnes, var to mann i arbeid med dekkskifte både på bil og traktor. Mikal Skaala driv dekkverkstaden i Rosendal.

Johannes Hjønnevåg syner stolt fram det nye lokale med butikk på Bogsnes.

Juryen bak kåringa skriv positiv omtale og tek særleg fram det gode rykte verksemda har opparbeidd seg på kort tid. Det gjeld både frå kundar og frå det lokale næringslivet. Dekkservice Vest er i sterk vekst. Verksemda har eit godt omdøme og utmerkar seg med god service og med solid fagleg kunnskap. Mange fekk også med seg at Johannes Hjønnevåg og Dekkservice Vest for ei tida sidan donerte kr. 10.000,- til Kvinnherad Frivilligsentral for det flotte allmennyttige arbeidet dei gjer.





Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal