Uskedal helselag ønskjer i samarbeid med Rosendal helselag og Uskedal Aktivitetshus å setje lys på psykisk helse i ein samanheng der ein kan auka refleksjonar rundt sjølvbilete, krav og eigne prestasjonar. Det er stadig meir press på den enkelte og det kan påverke psykisk helse. Ein opplever stadig auka trong for psykisk helsehjelp, og ein ser i kvardagen at vi mister menneske gjennom sjølvmord, det gjeld og i vår kommune. Vi ønskjer å sjå på desse vanskane frå ulike perspektiv og vil gjere noko som kan vere samlande og fjerne tabu i fellesskap.

John Hammersmark, kjend frå Kompani Lauritzen.

Uskedal helselag arbeider med prosjektet «Psykisk helse i eit prestasjonssamfunn» og i første omgong satsar vi på eit oppbyggjande føredrag med John Hammersmark. Han kjem til Kvinnherad 13. november og skal ha føredrag for elevane ved Rosendal ungdomsskule før han entrar Aktivitetshuset i Uskedalen kl 1900, der det blir ope for alle.

John Hammersmark er kjend som Kapteinen i Kompani Lauritzen. Vi ser Hammersmark som eit fint førebilete for mange som kan bidra til å løfte vanskeleg tema. Hans føredrag kan bidra til dette, for ulike aldersgrupper, og er beskrive i omtalen av foredraget slik: «Konkrete verktøy for å drive egen utviklingsprosess og få bevissthet og refleksjon rundt egen person. Gode og konkrete metoder for hvordan man bør tenke og samhandle. En rekke betraktninger, refleksjoner og råd rundt hva som skal til for at både individer og samarbeidet mellom dem skal fungere – også når man mislykkes. Lærdommene er relevante overalt.»

Tekst: Uskedal helselag
Foto: Pressefoto
Nett: Kristian Bringedal