Ospelunden AS kan bli den nye utbyggjaren på Stølen i sentrum av Uskedalen. Dersom det er interesse for leileghetene og elles alt går etter oppsett plan, vil Oddbjørn Kroka føra prosjektet vidare og gjera det klart for sal. Det er Uskedal Eigedom som til no har fått laga reguleringsplan og prosjektert ei framtidig utbygging med tremannsbustader på tomta.

Oddbjørn Kroka i Ospelunden AS fortel til uskedalen.no at han har stor tru på tilrettelagde bustader på Stølen. Dersom det vert førehandssal vil han overta og få prosjektet realisert. Det er teikna litt om i høve til slik det var presentert tidlegare. Det er gjort som ei tilpassing til dagens krav.

Det er sendt ut nabovarsel. Dersom det ikkje føreligg spesielle merknader frå naboane, vil byggesøknad gå inn rett over påske. Straks det føreligg eit byggjeløyve starta annonsering og marknadsføring.

Mange ser på Stølen som den mest sentrale tomta i Uskedalen. Arealet er om lag 4 dekar og det er teikna inn 3 tremannsbustader på område. Bustadene vert bygde med livssløpsstandard. Det er gangavstand til alle sentrumsfunksjonar, som til dømes butikk, post, skule, barnehage, aktivitetsbygg, badestrand og kulturtilbod.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal