Rundt Uskedalen er det flust med flotte turmuligheter. Det har blitt lagt ned ein stor jobb for å merka desse turløypene. Ofte er det relativt få som deltar i dette viktige dugnadsarbeidet. Derfor håpar turgruppa på at fleire kan ta med seg litt raudmaling, kombinera det med ein fin tur og delta i dugnaden. Det er behov for merking av både lette løyper og meir krevjande turar, – turar både i lavlandet og i høgare område.

Steinar Haugland i turgruppa fortel at dei nettopp har merkt T-ane til Geitadalstind på nytt, men det er behov for å friska opp att merkinga av mange turar og nemner både Englafjell, Halsane og Eikedalen som eksempel. Ved å ta kontakt med Steinar (410 42 659) kan interesserte turgåarar få meir informasjon om kva løyper som treng merkast. Han ordnar også med maling og anna nødvendig utstyr.

Steinar fortel at det må vera skikkeleg turt før merkinga blir gjort slik at malinga festar seg godt til underlaget. Det trengst eit par dagar med finver på førehand. Dei malar over dei same T-ane som har vore der frå før og friskar dei opp att.

Vi håpar turfolk melder seg til Steinar Haugland (410 42 659) viss dei kan vera med å yta ein innsats i dette viktige arbeidet.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Siv Framnes.