Også interessert i andre bilde.

Arbeidet med bok 2 i serien “Den nære fortida” er godt i rute. Til nokre av artiklane er det bra bildetilfang, men vi ønskjer fleire bilde å velja i. I denne omgang etterspør vi bilde knytta til arbeidsstovo og dei andre aktivitetane i huset til Bjarne og Fredsy Myklebust på Brekketoppen. Alt er av interesse! Har du tatt vare på noko av det du laga på arbeidsstovo, er vi svært interessert i at du sender oss eit bilde, evt. avtalar fotografering.
Vi treng også fleire bilde frå livet på og rundt Kafè Anker, – både innanndørs og utandørs.
I bok 2 kjem det også skuleminne frå dei tre skulane i bygda, – Uskedal, Haugland og Skorpo. Bilde frå det er svært interessant: klassar, elevar, lærarar, frå skuleturar m.m.
Til to artiklar om butikkdrift og båttrafikk på Sanden, hadde det også vore kjekt med fleire bilde å velja i. Elles blir vi glade for alt vi får inn av lokalhistoriske bilde. Ta kontakt med med nokre i skriftstyret (Astrid E. Haugland, Svein Rimestad, Torkel Stensletten, Harald Sætre og Thor Inge Døssland, mob. 932 88 237) eller andre i historielaget, så gjer vi avtalar. Når vi låner bilde til skanning, blir dei sjølvsagt alltid levert tilbake. Digitale bilde kan sendast til thordossland@gmail.com. Vi blir veldig glade for kvart bilde vi får. Godt bildetilfang er viktig for at boka skal bli vellukka. Utvalget av bilde blir gjort av skriftstyret saman med Åslaug Snilstveit i Salikat Design som produserer boka.
Bilda viser ei lommebok som Einar Gjertsen laga til mor si på arbeidsstovo.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Einar Gjertsen