Kan geiter vera løysinga i kampen mot parkslirekne ?
Geiter og beiting på elvekanten og på plassar der parkslitekne er eit problem, kan vera løysinga for å hindra utbeiing av den uønska planten. Trond Lekva Myklebust i Uskedal Elveforvalting fortel av geitene gjer jobben. Så langt i sommar har det berre vore ei rømming. Geitene fann ein att langt oppunder Englafjell. Noko eller nokon har skremt dei. Erfaringa så langt syner at geiter kan vera løysinga, men då må ein halda fram år etter år. Geiter er aktive pleiarar av landskapet, men då må bønder og andre skaffa seg eller låna geiter for bruk i den bestemt periode. Alt handlar til slutt om ressurser til å driva på med denne metoden.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Trond Lekva Myklebust