Kan det igjen bli ein kjekk møteplass for småbarnsforeldre?

Kafè Tiaren er ein svært kjekk møteplass i Uskedalen kvar tirsdag. Ekstra kjekt er det slik som i dag då det var triveleg allsong med trubadurane i Rustne Menn (bildet) slik det er siste tirsdagen i kvar månad. Uskedalen har altfor få slike møteplasser der ein kan møtast til uforpliktande og avslappande drøs til noko godt å bita i. Siste tida har dessverre talet på frammøtte vore dalande. No er det stort sett eldre pensjonistar som held den viktige drifta i gong. For nokre år sidan var det også ein svært viktig møteplass for småbarnsforeldre i permisjon. Det var ein god samlingsplass både for småbarna og foreldra deira. Det var også eigen leikekrok i inste del av lokala. Med desse på plass samt andre som er fri frå jobb, kunne det blitt ein herleg møteplass med god aldersblanding og med avslappande og triveleg drøs.

I dag hadde vi som var der, ei særs triveleg stund i Gamleskulen. Rustne Menn sytte for god allsongstemning då dei klokka tolv drog salen med på velkjende Eg hadde ein gong ein båt. Den neste halvtimen var vi innom både Trygve Hoff, Reidar Brendeland, Johannees Kleppevik og engelske klassikarar som Take Me Home Country Road og Cant Help Falling in Love før dei avslutta med Brendeland sin Venta på meg. Riktig så triveleg!!

Så spørs det det om vi kan venta å sjå nye ansikt neste gong, og på kafètirsdagane framover. Kanskje nokon tar initiativ til at småbarnsforeldre tar turen? Kanskje fleire ser verdien av ein god tirsdagsdrøs?

Kafè Tiaren er i alle fall eit godt tilbod til dei som møter opp der!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland