Skal brukast lokalhistorisk hefte som kjem på seinhausten.

Uskedal Historielag planlegg ein hefteserie med nyare historisk stoff frå Uskdalen. Stoffet vil i hovudsak bli henta frå dei siste 100 åra. Planen er at første heftet skal vera klart på seinhausten, og det blir på omtrent 150 sider med interessann Uskedalshistorie. Mykje av stoffet er alt ferdigskrive, men det er også svært viktig med gode bilde. Derfor etterlyser vi bilde tilknytt dei tema som artiklane i første hefte handlar om. Dei som har bilde kan kontakte underteikna, 932 88 237, eller ein annan i redaksjonsnemnda, eller dei kan ta med bilda til Stemneplassen mandag 9.mai kl.18 då vil Hans Ordin Østebø med fleire vera på plass der for å scanna bilde til heftet.
Det blir seinare arrangert scannekveldar for andre historiske bilde og dokument.

Dei tema som vi først og fremst er interessert i til det første heftet er:

  • Bilde knytt til Systova som Sverre Arnesen dreiv i 20 år frå 1944.
  • Bilde av skreddarane(Jakob Myklebust og Kjell Yri)
  • Idrettsbilde av uskedelingar som deltok i Sunnhorlandsmeisterskapa som blei arrangert på Heio.
  • Bilde av første gutelaget i fotball på 50-talet.
  • Bilde knytta til revagardane med sølvrev.
  • Bildet av huset SJØTUN i Stølavikjo der det var snikkarverkstad og møbelsnikkeri.
  • Bilde frå folkelivet på kaiane.
  • Bilde av bakarane Hermann og Selmer Hansen og bakeriet på Beinavikjo.(På bildet over ser vi bakar Helmer Sætre, Jan Eik og Per Eik)
  • Bilde av bakar Odd Myklebust. Gjerne hesten og traktoren hans og.
  • Bilde frå jonsok- og skotårsfestar.
  • Fotballbilde frå 50-talet.
  • Bilde knytta til butikkdrifta på Sanden.
  • Bilde knytt til melkelaget, melkebilen og melkerampane.

Vi er svært takksame om nokon kan hjelpa oss med bilde om desse emna i første omgang. Det er også andre tema som er aktuelle for heftet.
Vi i redaksjonsnemnda blir svært glade om de hjelper oss med bilde. Kjempeflott er det også om de har stoff, og gode tips til ting som bør skrivast om. Det er veldig mykje interessant stoff å velja i. Vi håpar at det kan bli ein flott og interessann hefteserie.

Redaksjonsnemnda er samansett av Astrid Haugland, Torkel Stensletten, Harald Sætre, Svein Rimestad og Thor Inge Døssland.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Harald Sætre