Vokalgruppa GLIMRAH skal ha kafekonsert, med gjester og utlodding i Dalheim i Omvikdal sundag 22 september kl 19.00. Arrangøren ynskjer alle velkomne til ein hyggeleg kafekonsert. GLIMRAH har øvd inn nokre nye a capella songar og programmet vert ei fin blanding av nykomponerte norske songar, m a musikk av Kjersti Follesø som bur på Bømlo, tradisjonell folkemusikk og romantiske songar.

Kveldens gjester er Solveig og Andreas Westermoen. Solveig syng og Andreas syng og spelar piano. Dei har bakgrunn i kor og saman har dei medvirka i mange ulike konsertsammenhang, ved gudstenester og på Oktoberfest. Westermoen vil framføra songar i jazzsjangereren og musikk av John Rutter. Paret bur til dagleg på Frekhaug i Bergen. 

Vokalgruppa GLIMRAH arbeider og med eit sakralt program som skal framførast på konsertar  i Albir, Spania i oktober. ​​​​​​Kunstnarleg leiar for GLIMRAH er Maria Malmsten. Songarare i GLIMRAH er: Gjertrud Sydnes Furdal, Lene Taranger, Ingvild Toskedal, Maria Malmsten, Hallgjerd Heglad Kofoed, Sylvi Hjelmeland, Tone Elise Gjøtterud Henriksen og Lina Frimannslund Storegjerde.
​​​​​
Det blir og kaffeøkt med mykje godt heimabakt og utlodding av spennande gevinster. Kveldens konfranser er Hallgjerd Hegland Kofoed.

Musikalsk leiar, Maria Malmsten, er dirigent i Røysterett for Allle. Nokre av songarane er med i begge kora.

Tekst/foto: Prsessemelding
Nett: Kristian Bringedal