Treng frivillige hjelparar.

Uskedal Utvikling prøver med ei forsiktig opning av Kafe Tiaren i dag. Kafetilbodet har vore stengt i tida med korona. I ein periode hadde rett nok Uskedal helselag open Koronakafe som vart driven etter same opplegget som Kafe Tiaren. Det er Gunn Mari Moberg, styremedlem i Uskedal utvikling, som tek initiativet. Dersom Kafe Tiaren skal bli eit varig tilbod, må nye og yngre krefter trø til. Nokre av dei som har vore med i mange år år, treng avløysing. Difor: Meld dykk til Gunn Mari Moberg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal