Kafe Tiaren vert litt utanom det vanlege i morgon, tysdag 30. september. Opne Hus – Med hjarte for Kvinnherad har lagt Tiaren inn med allsong og gratis mat. Det har vore påmelding, men fortvil ikkje. Det er teke høgde for plass til 20 personar ekstra, for dei som ikkje er påmelde. Dette er gjort for å sikra at dei som til vanleg går på Kafe Tiaren, skal få plass. Hugs: Det vert allsong i to økter, kl. 12 og kl. 13.

kb