Kafe Tiaren er i full gang att etter nokre år med pause og redusert drift. På dugnadslista finn vi 24 namn fordelte på 8 grupper. Kvar gruppe tel tre personar som med dette har ansvaret for innkjøp, tillaging av mat og sal på kafeen. Kvar gruppe trør til 8. kvar veke. Dei ansvarlege for kafetilbodet har gjort ein god førebuingsjobb. Vi finn fleire nye vertar på lista. Opningstida er kvar tysdag frå kl. 11.00 til kl. 14.00. Den siste tysdagen i månaden er det allsong med Rustne Menn. Det kan sjølvsagt vera akuelt å sleppa til andre grupper innan song og musikk. Kafe Tiaren er eit eineståande sosialt og kulturelt tilbod i Uskedalen, ope for alle. Det kan vera for fastbuande, tilreisande, turistar båtfolk, campinggjeser og for dei som fer framom og har høve til å leggja inn stopp i Uskedalen. Tiarprisen skræmer ingen. Kafe Tiaren må vera Noregs rimlegaste i sitt slag. Bilete er henta frå 2019, før pandemien råka landet.

Det er til vanleg lagt opp til allsong med Rustne Menn den siste tysdagen i månaden. ( Arkivfoto frå Solidartitetskonserten i Aktivitetshuset )
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto