Kafe Tiaren: 15 år med same prisane - no er tida klar for prisauke.
18. september er det 15 år sidan oppstarten av Kafe Tiaren. Heile tida har prisen vore kr. 10,- for kaffe, rundstykke, vafler, kake m.m. No er tida klar for prisauke. Frå tysdag i denne veka vert prisane auka til kr. 20,- for rundstykke og kaker. Prisen for kaffi, te og juice held fram som før. Med auka matprisar og innkjøp er tida klar for ei endring. Om ikkje ville tiltaket ført til underskot på drifta.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kafe Tiaren