Uskedalen.no fekk vera med på julevandring i kyrkja, eit tablå framført av tilsette på kyrkjekontoret, ei fin oppleving for born i barnehagane i Kvinnherad. I 2024 vert det gjennomført heile 16 framføringar. Målet med julevandringa er å formidla juleforteljinga på ein enkel og forståeleg måte der alle er tildelt roller, alt frå keisar Augustus, erkeengelen Gabriella, gjetarane til Maria.

Ei gruppe frå Uskedal barnehage fekk vera med på julevandring i kyrkja.

Kyrkjerommet er godt eigna, frå du kjem inn i våpenhuset til alt endar opp ved alteret der Maria leitar etter husrom og til slutt føder Jesusbarnet. Song og rytme høyrer med.

Det var ei gruppe frå Uskedal barnehage som var i kyrkja i går, måndag 16. desember, midt på dagen.

Alle vert tidelt ei rolle i julespelet. Organist Reidar Algerøy.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal