Julevandring for barnehagen gjekk etter oppsett plan - på Bedehuset.
Uskedalen.no fekk vera med på julevandring i dag, lagt til eit julepynta bedehus fordi kyrkja er stengd. Julevandringa, framført av tilsette på kyrkjekontoret, er ei fin oppleving for born i barnehagane i Kvinnherad. Kvart år vert det gjennomført i underkant av 20 framføringar. Målet med julevandringa er å formidla juleforteljinga på ein enkel og forståeleg måte der borna og dei vaksne er tildelt roller, alt frå keisar Augustus, erkeengelen Gabriella, gjetarane til Maria.

Bedehuset var godt eigna med innleiing og rollefordeling i inngangen. Fylgje endrar opp framme ved Kristusbilete. Alle må i flokk og fylgje vera med då Maria leitar og til slutt finn ein stall der ho føder Jesusbarnet.
Song og rytme høyrer med. Den nytilsette organisten Andre Eide hadde tonefylgje på piano. Alle syng advents- og julesongar.

Uskedalen var siste stopp på julevandringsturneen for i år.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal