Julestjerna var på plass i år også, men sterk vind og skade gjer at det er usikkert om Kurt Haugland held fram med installasjonen.
Den store julestjerna har vore på plass i utmarka til Frode Stensletten på øvre Feet. Stjerna på snuplassen til skogsvegen har lyst fint opp i advents- og juletida. Kurt har brukt batteri på 24 Volt og 7 Amper/Timar. Batteriet må bytast ein gong i veka. Lysa er vanleg LED lyslekkje kjøpt på Clas Ohlson, men tilpassa bruken på 24V.
Det er i overkant av 70 lysdiodar montert på ei treramme. Dei lyser ikkje så veldig sterkt. Dersom ein hadde vald sterkare lysstyrke, hadde det gått utover tida det lyste før ein måtte byta batteri. Stjerna er ca 2,5 meter i diameter. Dete er informasjon frå Kurt i fjor.
Til tider har det problem med å halda installasjonen på plass. To gonger bles lysramma ned, noko som resulterte i defekte lampar. Det er difor usikkert om Kurt vil halda fram med montering av den vakre stjerna i lia under Englafjell.
Det lukkast ikkje uskedalen.no å få tak i eit godt bilete av stjerna. Difor brukar vi eit arkivfoto. Dersom nokon har foto, send til redaksjonen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto