Julemøte i Uskedal Historielag med tema Sjømannsminne.
Et 20 tals menneske møtte fram til julemøte i Uskedal historielag i går kveld på Stemneplassen. Tema var Sjømannsminne med vekt på jul ute. Liv og Jan Henrik Hansen var gjester. Jan Henrik reiste ut 17 år gamal og har vore sjømann heile sitt yrkesaktive liv, i Fernley & Eger og i HSD som seinare vart TIDE. Jan Henrik fortalde levande frå tida si til sjøs, frå ulike båtar i fart på alle verdshava. Lasta kunne vera alt frå kol, bilar til krigsmateriell, ja. til og med ein slags form for hønseskit som vart brukt som gjødsel. Jan Henrik fekk i gåve boka om sjømannen frå Tresshaugen, Torgeir Olsen Feet, som segla på amerikanske skip og som omkom i ein skipskollisjon i 1943.
Han segla på tradisjonelle midtskips linjeskip, via bakladarar til gasskip. Ei eksplosjonsulukke på FERCASTLE i 1971, der kona Liv og veslejenta Liv Janne ( 20 månader ) var med, kunne enda tragisk. Fleire menneskeliv gjekk til. Jan Henrik skreiv dagbok ombord. Dagboka og andre minne gjekk ned med skipet. ( Les Uskedalsposten påske 2012 – er digitalisert og ligg på uskedalen.no – historie. Uskedalsposten ).
Styret og skriftstyret fortalde litt frå arbeidet som er gjort så langt og vidare om planane nokre år framover. Torkel Stensletten si utvandrarbok kjem til neste år. Det kjem ny årbok i 2026 og mykje av stoffet er alt skrive, men det vil alltid vera trong for tilgang på bilete.
Arkivarbeidet med tilvokster foto og dokument går på fram. Tilvokterliste dokument ligg på uskedalen.no under fana Historie. Klikkar du deg inn her, kjem du inn i dokumentet. Det vert arbeidd med å finna ei god løysing for det same når det gjeld foto. Lag og organisasjonar som ynskjer det, har fått tildelt arkivskåp.
Økonomien i laget er god. Medlemstalet ligg rundt 70.
Gunnlaug Eik og Thor Inge Døssland serverte god julemat, mellom anna julebrød og heimelaga mjølkekaker. Takk til dei.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal