Julemøte i Kvinnherad Senioruniversitet, med Øystein Skaala.
Neste møte i Kvinnherad Senioruniversitet er i kinosalen på Kulturhuset Husnes, i morgon, torsdag 5, desember, kl 11.00. Øystein Skaala har me møtt før og kjenner som ein svært dyktig fagmann og førelesar, med eit brennande engasjement for naturen. I 2022 synte han oss ” Livet på Jorda snakkar ut”. I 2023 kom ein ny film som heitte ” Slik tok menneska over Jorda”.
I år ligg det føre ein ny film som heiter ” Vi lyttar til havet” Denne hadde premiere i Riddersalen i Rosendal i slutten av juni månad.
I samband med premieren sa Øystein Skaala – Vi er på veg inn i ei dramatisk endring av natur og klima. Difor lyttar vi no til havet. Og havet fortel at vi må omstilla oss. Likevel er ikkje dette ein pessimistisk film. Vi menneske har gjort ymse tabbar gjennom tidene og ikkje alltid teke omsyn til naturen, men vonleg har vi lært av feila.
Omstilling har vi drive med i tusenar av år. Dei fornybare ressursane i havet er endeleg store. Me kan greie å omstille oss igjen. Det kan ende godt viss vi lærer oss å forvalte ressursane med vit og den maritime industrien vert halde i øyrene.
Det er eit imponerande arbeid, som er gjort med filmen, og den fortener å bli sett av svært mange. Me må vere stolte av at slike initiativ og opplysande arbeid har sitt utspring her i Kvinnherad. Kan hende får nokon seg ei overrasking eller to, og noko å tenkje på seier Øystein Skaala.
Arrangementet er ope for alle som har tid og lyst på litt fagleg påfyll og ein god drøs på ein torsdag føremiddag. JULEBUFEEN ETTER MØTET ER FULLTEIKNA.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal