Ein julekonsert vert ofte tradisjonell med mykje gjentaking av repetoar frå år til år. Den tradisjonen vart lagt på veg broten i år. Årsaka var eit program med born og ungdom i sentrale roller. Singing Tweens overraskar gong på gong med god song, gode solistar og sjølvsagt rytmisk godt komp ved Reidar Algerøy. Koristane i storkoret Røysterett og Alle og Husnes Blandakor song nytt og gamalt stoff. Mange merka seg Når himmelen faller ned med tekst av Anne Grethe Preus og med Gro Skeie på klaver. Bilete på topp syner Singing Tweens.

Pianistane Martine Myklebust, Vilde Helgesen og Anna Hermann-Fossli.
Røysterett for Alle og Husnes Blandakor utgjer eit storkor med nær på 40 koristar.
GLIMRAH med sin musikalske leiar Maria Malmsten.

Ebba Hermann-Fossli og Emilie Fredheim Aas i duett på flygelhorn og eufonium spelte Nocturne av Rolf Løvland og Brorson sin julesong Mitt hjerte alltid vanker, svensk folketone. Framføringa var trygg og god.

Vokalensemblet GLIMRAH syng som vanleg godt, alt frå engelske juletonar frå 1400 talet, Jul, Jul strålande jul til vår eigen No koma Guds englar, folkesong frå Vest Agder. Arrangert av sjølvaste Knut Nystedh.

Dei tre une pianistane imponerte. Ein etter ein kom dei fram, sette seg til klaveret og spelte kvar sine stykke plettfritt.

Ebba Hermann-Fossli og Emilie Fredheim Aas i duettspel på flygelhorn og eufonium.

Uskedal musikklag framførte fire kjende julesongar, to av dei med arrangement frå Frelsesarmeen. Bjørn Eidsvåg sin I en natt er arrangert spesielt for musikklaget av Bjørn Aakre.

Leif Inge Heimvik er ein fast gjest på julekonserten i Uskedalen. Til slutt i programmet las han Juleevangeliet og song solo utan komp O, helga natt.

Uskedal musikklag avslutta konserten med sitt program og med tonefylgje til Deilig er jorden.

Julekonserten vart noko redusert grunna sjukdom. Dermed vart det ikkje orgelspel, heller ikkje innslag av Kvartetten ÆRE. Dei kjem sterkt tilbake ved neste kyrkjekonsert i Uskedalen. Reidar Algerøy vikarierte som organist på felles julesong.

Leif Inge Heimvik las Juleevangeliet og song solo O, helga natt.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal