Julekonkurransen som nettsida hadde saman med Spar Uskedalen i julehelga, samla som kjent langt fleire deltakarar enn ein antok på førehand. Det viser seg også at sakene om den blei så mykje lesne at i dag er det 4 saker om konkurransen som toppar lista av “Mest populære” siste månaden. Meir enn 4 saker er det ikkje plass til på lista.
Til no har saka om den store innsatsen som dugnadsgruppa(seniorgruppa) gjer i Aktivitetshuset, vore med på “Topp 4”-lista, men dei gjekk no ut etter 30 dagar på lista slik alle saker gjer.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland