Julegudstenesta samla mykje folk, fastbuande og julegjester.
Ei historisk julegudstenste, kan vi sei. Bortsett frå det året kyrkja vart restaurert og ombygd på 1960 talet, er det fyrste gongen at ei julegudsteneste vert lagt til eit anna lokale. Med litt arbeid og tilrettelegging fugerer Helgheim fint til kyrkjelege handlingar. Julegudstenesta i år hadde med det meste av det vi assosiserer til jul – god preike, musikk, lys i globen, lys i den 7 arma staken, julesalmar og klokkeslag.

Ei gruppe frå Uskedal Musikklag erstatta organisten på ein fullverdig måte. Dei hadde tonefylgje til salmen og stod både for preleudie og postludie. Sokneprest Kjersti Brakestad Boge sin tale handla om dyra kring stallen i Betlehem. Hanen, oksen, geita, sauen og kalven – alle med sine oppgåver inn mot evangelieteksten. Forteljinga om dyra har sin bakgrunn i ei katolsk segn.

Konfirmanten Iver hjelpte til som kyrkjetenar slag på skipsklokka 2 minuttar før gudstenesta tok til og ved 3 X 3 slag ved avslutning.
Det vart ei verdig og fin gudsteneste med ei ramme som er noko annleis enn i kyrkja. Offergåva gjekk til Den indre Sjømannsmisjon. Takk for gåva.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal