Julegrantenning og Julemarknad - det vrimla av folk ute og inne.
Julegrantenninga i år vart ein suksess. Trass dårleg ver med sterk vind vrimla det av folk ute og inne. Noko av julemarknaden, slik vi hugsa det før med telt og utestandar, er tilbake. 15 standar med eit variert utval av produkt er ein god start på noko som alltid vil vera i utvikling. Kjellaren i Gamleskule er på mange måtar ein ny arena. Den fungerte fint med pepparkakeutstilling, open mikrofon og engleverkstad.

15 standar i Helgheim på i flate kan bli i trongaste laget. Ein av seljarane, Isrosa, var i kjellaren, der det også var kafe med sal av graut og mykje god bakst.
Børsdalsnissen fekk det ærefulle oppdraget med å stå for opninga av Pepperkakebygda. Det vart gjort med å låsa opp døra til kjellaren i Gamleskulen.
Jenter frå russen hadde kafe og sal i Gamleskulen. Singing Tweens song fire songar med tonefylgja av Reidar Algerøy på tre av dei. Musikklaget og Børsdalsnissen er faste innslag. Dei sviktar ikkje.

Då redaktøren i uskedalen.no var indisponibel, vart det ikkje teke foto. Har du blinkskot av allmenn interesse, send til uskedalen.no@gmail.com
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Anita Enæs/ Gunn Mari Moberg/ Jon Harald Kjærland