Siste helga i november (27.november kl.12)opnar julegalleriet i Aktivitetshuset FLYT (tidlegare Grenda-bygget) i Rosendal. Mellom utstillarane er den utflytte uskedelingen, trekunstnaren Kjell Musland. Det teiknar til å bli ei artig utstiling med kvalitet på høgt nivå. Dei to andre utstillarane er Espen Attramadal som er kjend for dei flotte og ofte morosame keramikkfigurane sine og den flinke og kreative fotografen Jorun Larsen. Attramadal er ein allsidig kunstnar, og han stiller også ut flotte måleri. Bildet over viser Kjell Musland og deler av utstillinga hans på Jul i Rosendal i 2019.

Kjell Musland sine trefigurar er nok godt kjende her i bygda, og mange har nok allereie sikra seg ein “artig skrue” eller fleire. Interessa for treskjering oppdaga han i 1978, då han skar sin første figur. Etter det har Kjell Musland drive med treskjering, og han tryllar fram dei artigaste figurar med karakteristiske trekk både med motorsag og kniv. Arbeida hans kan ein finna over heile landet, og den mest kjende, figuren av Edvard Grieg, står ved Hotel Ullensvang i Lofthus. Til julegalleriet kjem han med små og store trekunstverk.

Kjell Musland.

Espen Attramadal kjem frå Røros, men flytta til Kvinnherad i 2016. Etter det har han arbeidd som keramikar, kunstnar og lærar i kulturskulen sidan.
“Med dei fantasifulle og fargerike figur-seriane sine har han introdusert Espen’s Verd gjennom fleire utstillingar. Fleire av dei kjende keramikkfigurane hans vil også vera til stades under denne utstillinga, samstundes som han stiller ut måleri, kor born sine eventyrlege møter i naturen er i fokus”, heiter det i pressemeldinga. Her i Uskedalen har også Espen lært keramikkunster til barn under FestidaGen for nokre år sidan.

Espen Attramadal

Jorun Larsen er opphaveleg frå Fitjar, men bur no på Seimsfoss. Gjennom åra i Kvinnherad har blitt kjend som ein dyktig frilansjournalist, og no er ho fast tilsett i Grenda. Ved sida av journalistikken har ho heile tida jobba med fotografi. På utsillinga presenterer ho bildeserien har fått namnet «Tearprint», og fotografia er eksponerte med dagslys. Om bakgrunnen for denne utsillinga heiter det i pressemeldinga:
“Då landet stengde ned vart naturen ein særskilt viktig stad for henne. Saman med borna sine samla ho planter frå turane dei var på. Desse vart pressa og tørka, og dernest nytta til å lage saltprint. Papiret er fukta med saltvatn blanda med tårer”.

Jorun Larsen.

Det er eigarane av Aktivitetshuset FLYT, Maren og Arne Martin Guddal Husby som står bak utstillinga saman med kunstnarane.
Utstillinga blir ståande ut året, og den 15. desember blir juleutstillingsverkstad i galleriet. Då kan du få læra nokre triks av Kjell Musland, som dreg i gong motorsaga for å demonstrera korleis han jobbar. Espen Attramadal vil også halda eit teiknekurs for barn og unge denne dagen.

Under opninga blir det jazza julemusikalske innslag ved Rebekka Attramadal.

Det er også opning av utstillingar på Kunstverkstaden og hjå Galleri G
Guddal denne helga, og det blir dermed mogeleg å føreta ei kunstvandring i Rosendalsområdet.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland
Øvrige foto: Jorun Larsen