I går hadde vi julefest med alle elevar og skulekameratar ved skulen vår. Elevane hadde øva inn eit rikt program, og der var mellom anna mykje song, dikt, juleevangeliet, skodespel og dans. Elevar og lærarar har brukt mykje av dei siste vekene på øving, og vi synes premieren gjekk heilt strålande.

Flinke elevar med god song og framføring.

Etter programmet i hallen gjekk vi til klasseromma. Der sørgja FAU for servering av saft, kaffi, kaker og boller. FAU hadde og eit lite lotteri, med premiar sponsa av Spar, der eit par heldige vinnarar vann kvar sin store “godtepose”.

Når vi var godt nøgde med matøkta, gjekk vi rundt juletreet, akkompagnert av Kristian på piano. Heilt til slutt rakk heldigvis nissen å komma, og alle små og store ungar fekk med seg ein liten godtepose på heimvegen.

Anna Hermann-Fossli las juleevangeliet.


Nytt av året var at vi i dag, fredag, viste programmet på nytt for alle andre som ville sjå. Vi starta opp kl. 09.30, og samla rundt 50-60 tilskodarar. Det er vi veldig nøgd med, og vi håpar at det kan “rykta seg” enno meir til neste år. Vi er i alle fall veldig stolte av elevane våre, og mange gode tilbakemeldingar gjer at dette fristar til gjentaking.

Tusen takk til FAU for godt samarbeid rundt julefesten, og tusen takk til flott publikum både torsdag og fredag.

Ønskjer med det alle ei GOD JUL.

Tekst: Odd Steinar Arnesen
Foto: Thor Inge Døssland
Nett: Kristian Bringedal