Ulike markeringar og arrangement i samband med advent og jul er allereie gjennomført ved skulen vår. Vi kan mellom anna nemna at vi har levert fleire peparkakebygg til ei utstilling i dinosaurhuset i Steinparken. Og i dag tidleg serverte elevrådet kakao og peparkaker til alle elevar og tilsette rundt bålet i grillhytta.

Kakao og peparkaker i grillhytta.

Skulen har mange planar for dagane fram mot jul, og mykje av det er tradisjonar, men dette året vil det og komma noko nytt.

Elevane i dei eldste klassane har dette året laga ulike peparkakebygg med inspirasjon frå bygg i bygda vår. Desse er no stilt ut i dinosaurhuset i Steinparken. Utstillinga vil vera open for publikum torsdag 5.desember, torsdag 12.desember, samt i romjula.

Peparkakebygg frå Uskedalen skule.

Kvart år markerar vi advent ved å ha felles samlingar i holen kvar måndag. Der tenner vi lys, syng og får høyra dei mest utrulege historiar om Nissetassen – ein fleire hundre år gammal fjøsnisse frå Osterøy.

Elles kan det nemnast at vi skal ha 3 dagar med juleverkstad i neste veke. her vert elevane delt inn i aldersblanda grupper, og skal mellom anna få laga julelykter, bake på kjøkkenet, og laga julepynt av tre, papir og filt/garn.

Vi er godt i gong med øvingar til julefesten vår som går av stabelen torsdag 19.desember. Her vil elevane sine næraste bli invitert til eit par timar med program, kos i klasseromma og gang rundt juletre.

NYHENDE! I år ønskjer vi på skulen å gjera noko nytt. Det har alltid vore slik at juleprogrammet med elevane berre har vore for dei næraste til elevane. I år vil vi invitera til open forestilling, fredag 20.desember i skuletida, der vi håpar mange har moglegheit til å komma. Sjekk plakatar i bygda for nærare informasjon!

Foto: Elisabet Amundsen og Odd Steinar Arnesen
Tekst/Nett: Odd Steinar Arnesen