
Jul i Rosendal - fem av 38 utstillarar kjem frå Uskedalen.
Kvart år kjem det ei rekke dyktige produsentar og handverkarar til marknaden. I år er ikkje noko unntak. På marknaden finn du utstillarar som tilbyr lokalt laga handverks- og matprodukt. Julekjensle, julelukter, julesmakar, juleaktivitetar, julegåver og andre gåver, julepynt og annan pynt, spanande matprodukt til å smaka på plassen eller kjøpa med heim.

Det er påmeld 38 utstillarar. Fem av dei kjem frå Uskedalen eller har nære relasjonar til bygda. Det er:
- Friheim Gardsmat: Gardsmat
- Eik Gard: Honning og eplemost
- Inger Naterstad: Nunofilt, saum og lappeteknikk
- Kjell Musland: Trefiguarar
- Brødrene Hjønnevåg: Sjømat

Tekst: Jul i Rosendal/ Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal