Jostein Saghaug er den einaste faste representanten frå Uskedalen i Kvinnherad kommunestyre. No oppmodar han alle om å engasjera seg i saka om skule- og barnehagestukturen. Det kan vera lag, organisasjonar, einskildpersonar, naboar og sjølvsagd skule sine eigne organ. Send merknad til planen. Alle må ha ei meining om kor borna skal gå i barnehage og på skule i framtida.

Jostein Saghaug er uroa over administrasjonen sitt framlegg om nedlegging av barehagar og skular. Framlegget kan bli gjennomført dersom ikkje folk engesjerer seg i høyringsrunden. Det kan sjå ut til at nokre politikarar har eit syn der heildagsskulen er viktigare enn skule rundt i bygdene, seier Saghaug.

Aktuelle spørsmål kan vera:

Ynskjer De å kjøra til Husnes, Omvikedalen eller Rosendal for å levera borna i barnehagen
Vil De at borna frå 1. klasse og oppover skal kjøra buss til Rosendal for å gå på skulen der
Er mat på skulen viktigare enn å kunna gå og sykla til skulen
Er det slik at alle i Uskedalen ynskjer at borna skal gå på skule i Rosendal framfor Husnes dersom skulen i Uskedalen vert fnedlagd
Vil folk frå Uskedalen, som jobbar på Husnes, synast det er greit å kjøra om Rosnedal for å henta sjuke barn heim fra skulen
Eller har nokon framlegg om at ein eventuell storskule for indre luten vert lagt til Uskedalen. Uskedalen har gode fasiliteter på plass med mellom anna idrettshall, aktivitetspark og kunstgrasbane.
Redaksjonen er merksam på at denne saka vil engasjera mange. Uskedalen.no tek til vanleg ikkje inn lesarbrev, men kan laga innlegg, slik det er gjort her, med bakgrunn i ei redaksjonell vurdering. Det kan til dømes vera med bakrunn i fråsegner, merknader og uttale.

Framlegget til ny skule- og barnehagestruktur er no sendt på høyring.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pirvat / Kristian Bringedal