Det er ei gleda å kunne informera om at den lokale historieprofessoren og anarkjende formidlaren Jørn Øyrehagen Sunde om nokre veker vitjar Bergslagen. Her vil han snakke om korleis kyst- og fjordkulturen har endra seg dei siste 1000 åra, med særleg fokus på 1600- og 1700-talet. Denne kulturen har ikkje berre endra seg, men også oss som har budd og livnært oss her.

Torsdag 24. april: Kyst- og fjordkultur i 1000 år, eit føredrag med Jørn Øyrehagen Sunde. I fjordar og på kysten var sjøen ei samferdsleåre. Den var vegen ut til den vide verda, og den var kjelde til både velstand og ulukke, nyvinningar og sjukdom, til eventyr og kulturutveksling. Alt frå urter, luksusvarer som silkesokkar og fransk brennevin, og musikk
kom sjøvegen hit, og ut sende ein varer som falkar, båtar, hasselnøtter og okle.

Likevel utvikla det seg skilnadar mellom kyst- og fjordkultur som kan identifiserast. Gud og djevel var viktige aktørar i folk sin kvardag ute ved kysten, og ein banna ofte. Inn i fjordane vart verken Gud eller djevel påkalla, men ein drakk dess meir brennevin.  Medan skipsforlis var
ein del av økonomien på kysten, var oppdrett av kveg til kjøtkonsum i byane viktig i økonomien inne i fjordane.


Alt dette kan du høyra om i professor Jørn Øyrehagen Sunde sitt føredrag Kyst- og fjordkultur i 1000 år, der særleg 1600- og 1700-talet blir vektlagt.

Føredraget vert halde i hovudetasjen i Bergslagen.

Tekst: Pressemelding
Foto: Ole Gamst Sæther
Net: Kristian Bringedal