Jørn Øyrehagen Sunde: Forsvarstale for eit vondt menneske. Bok med saker henta frå Uskedalen.
Jørn Øyrehagen Sunde gjev ut ei bok 1. oktober om dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet. Han nyttar der saker mellom anna frå Eik, Myklebust, elvosen og Haugland. Han kjem til Uskedalen torsdag 9. oktober kl. 18.00. Det vert ope møte i Helgheim. Musikkinnslag ved Musikklaget, enkel servering. Medlemer i Uskedal historielag går gratis. Andre: kr. 50,-. Fritt om ein vil betala meir. Inntekta går til å dekka kostnader med arrangementet. Under kan de lesa ei pressemelding.
Eg lanserer altså boka «Forsvarstale for eit vondt menneske – Ei norsk kvinnehistorie frå 1700-talet» på Utne 1. oktober. » I boka tek eg utgangspunkt i lagnaden til Kari Knutsdatter, som 16. august 1771 vart halshoggen og lagt på steile og hjul i Tingvika ved Utne for å ha drepe 5 personar, 4 av dei hennar eigne barn. I dommen over henne er det sagt at ho var det vondaste mennesket som hadde levd i Hardanger på 100 år. Ut frå den hendinga fortel og om dagleglivet i Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland på 1700-talet.
Eg skriv om alt frå kva klede folk på Vestlandet gjekk med til kva dei drøymte om, alt frå lese- og skrivekunnskap til medisin og sinnssjukdom, alt frå barndom til kallenamn, spelemenn og brennevin, og krydrar med historier om spøkjelse, sex og drap. Men i tillegg brukar eg lagnaden til Kari Knutsdatter til å skriva ei kvinnehistorie gjennom å visa korleis samfunnet på 1700-talet gav menn langt fleire handlingsalternativ enn kvinner, som i langt mindre grad kunne påverka eigne livsforhold enn menn.
Alle er velkomne til møte med Jørn, torsdag 9. oktober kl. 18.00 i Helgehim.
Tekst: Kristian Bringedal/ pressemelding Foto: Arkiv Nett: Kristian Bringedal