Jonsokbål på øvre Fet.
Jonsok, eller St. Hans, med bålbrenning og famliesamlingar er ein folkeleg tradisjon som går langt tilbake i tid. Fram til 1770 var jonsok rekna som ein kyrkjeleg høgtidsdag til minne om døyparen Johannes. Det var også ei markering av solsnu. I Uskedalen var det jonsokbål på faste plassar i bygda der naboane kom saman om feiringa. I mange år var det jonsokfest på Stemneplassen, med frammøte på Texaco ( Auto 88 ), folketog med musikk, hesteskyss og barnebrurepar fram til Friluftsplassen der det var leikar, innslag og bålbrenning. Seinare har det mellom anna vore jonsokbål ved Fjellandsbøvatnet, på Skorpo og nede ved elva på Myklebust. Ut frå ei samla vurdering kan det sjå ut som om jonsoktradisjonen er i tilbankegang.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland