Johan Feet gjer eit pionerarbeid med kartfesting og digitalsiering av stadnamn i kommunen. På årsmøte i Kvinnherad mållag fortalde han om arbeidet som er gjort så langt. I overkant av 20 personar med sterke interesser for lokalhistorie og stadnamn fekk ei innføring eit systematisk arbeid som krev tolmod og nøyaktighet. Stadnamna i Uskedalen er kartfesta. No skal namna lesast inn med rett uttale og trykk.

Namna i Uskedalen så langt er digitaliserte. No skal det koma ei lydfil.

Mange kjenner stadnamninnsamlinga på 1970 talet med Oskar Guddal, Ragnvald Guddal og Torkjel Naterstad i leiinga. Den gongen vart det samla inn og kartfesta ( 61 kartblad ) meir enn 30 000 namn frå 283 gardsnummer. Lende var stort sett under 500 meter o.h. Difor er det lite registrert i fjellet. Det er også nokre kvite flekker på kartet som må gjerast noko med, som til dømes Langåt og Teigen.

Johan Feet brukar også ei anna kjelde, nemleg Gustav Indrebø si skuleinnsamling på 1930 talet. Desse namna er berre på lister, ikkje kartfesta. Ein annan referanse, som Johan vil bruka, er jordskiftekarta.

Det er Egil Sølvberg som har utvikla og laga kartprogrammet. Går du inn på på nettstaden lokalnamn.no, finn du meir informasjon og rettliing i korleis ein melda inn namn med koordinatar.

Ikkje noko å seia på frammøte og interessa for tema stadnamn.

Johan Feet gjer dette som pensjonist på frivillig basis. Han held seg til kjeldene både når det gjeld skrivemåte, lydskrift og plassering. Feilskrive namn vert ikkje endra, men det kan skrivast ein merknad som syner at her er det ulike tolkingar.

Dei som vil vita meir eller har merkander, tek direkte kontakt med Johan Feet i Omvikdalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal