Joakim Myklebust er butikksjef på Europris Husnes. Nyleg vart han og gjengen kåra til Årets “franchisebutikk” i Europriskjenden. Kåringa går på omsetnad og ei heilhetsvurdering av korleis butikken vert driven. Joakim starta som ringevikar i Europris i 2011. Frå 2021 har han vore butikksjef.

Juryen skriv at butikken leverer eit svært godt resultat i 2025 med solid salsvekst, stort vareutval, god omsetnadsvekst og sterk auke i driftsresultatet.

Kåringa var på Gardemoen under det som vert kalla Årets Kick-off.

Uskedalen.no var innom butikken på Husnes i dag. Joakim er godt nøgd og er nøyen med å leggja til at innsaten frå alle tilsette er ein viktig del av kåringa. Alle gjer ein kjempejobb med høg grad av service og vennleg innstilling.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal