Joakim Heimvik med besteforeldre i Uskedalen er 21 år og har i dag fått godkjend fagprøven i salsfaget. Mange kjenner Joakim frå arbeidet sitt i Lio Sag og treforedling, ein allsidig kar med god humør og med stor grad av stå på vilje. Han gjer alt i byggevarebransjen. Fagprøven gjeld salsfaget generelt og omfattar mykje meir enn trelast. No er han godkjend som seljar og kan ta oppdrag for ei brei bedriftsgruppe. Joakim Heimvik driv eige kranselskap og jobbar mykje opp mot Odda kran og Train Norway. Train Norway er størst i Noreg på krantenester. Han driv også med utleige av gravemasknar og dumpers ved forma J. Heimvik.

Joakim Heimvik kan med fagprøven i boks kalla seg seljar.

I samtale med uskedalen.no i dag fortel Joakim om opplegget for fagprøven i denne veka. Alt på måndag fekk han vita oppgåvene han skulle løysa og leggja fram for fagnemnda. Det var mellom anna å laga ein salsavtale på varer til bruk i heimen. Vidare skulle han forklara skilnaden på reklamasjon og garanti. Ei anna oppgåve gjekk på svinn i ei bedrift og kva som må til for å redusera svinn. Ikkje nok med det. Ei oppgåve var å laga ein arbeidavtale og dessutan setja opp eit tilbod i brevs form for landbruksnæringa.

I dag morgon fekk han resultatet med bestått fagprøve. Joakim har hatt læretida si over tre år på Husnes. Fagnemnda kom frå Stord. No ventar han berre på fagbrevet med diplom i glas og ramme.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Lio Sag og treforedling