
Jenter-13 på Sør Cup
For Rosendal Jenter-13 sitt fotball-lag starta sommarferien med Sør Cup. Med seg på laget var det to jenter frå Uskedalen som deltok. Laget spelte godt og endte på ein fin fjerdeplass i si gruppe.
Jentene frå Rosendal fekk i haust med seg fire jenter frå Uskedalen på laget. To av desse, Andrea Huse Bjørnebøle og Erle Marie Korsvold, vart med til Sør Cup og Vennesla der dei spelte alle sine kampar. Dei budde i lag på Moseidmoen skule der dei knytte sterke bånd og gode vennskap desse dagane.

Dei presterte godt i kampane og spelte seg berre betre og betre utover i cupen. Dei klarte å komma seg heilt til A-sluttspelet.
Det vart ei nervepirrande avslutning på cupen då jentene først i semifinalen spelte 1-1 mot Nore Neset og måtte ut i straffekonkurranse der dei til slutt tapte 5-4. Jentene var skuffa og lei seg, men støtta kvarandre og klarte å motivere seg for bronsefinalen nokre timar seinare.
I bronsefinalen spelte dei mot Bønes som tidleg i første omgang tok leiinga 2-0. Men jentene kjempa på og gav seg ikkje, og i andre omgang fekk dei inn eit mål. Dei låg under med eitt mål heilt til dei siste sekunda, men klarte då å utligne til 2-2 og laget feira dette som ein stor siger. Dei måtte dermed ut i dagens andre straffekonkurranse, som også denne gang endte med tap og stillinga 5-4. Dermed vart det ein fjerde plass på jentene.

Sjølv om det vart to marginale og sure tap på tampen av turneringa, feira jentene fjerde plassen som siger denne dagen. Denne plasseringa er langt over det vi forventa, og vi gler oss allereie til neste år.
Tekst/nett: Marianne Korsvold Foto: Per Korsvold