Jazz og målquiz i Dønhaugkjedlaren, fredag 14. april.
Kvinnherad Mållag og Husnes Jazzklub finn saman og samarbeider om neste samling i Dønhaugkjedlarten, fredag 14. april. I forkant av konserten med den danske artisten Kira Martini med sin kvartett vil mållaget invitera til quiz og gratis pizza, frå kl. 19.30. Øystein Skjæveland er quizmeister. Ein annan styrmedlem med eit profilert namn, Arne Torget, les og deklamerer. Sjølve jazzkonserten tek til kl. 21.00.
Det var stor suksess sist gang Kira vitja Husnes Jazzklubb og me håpar at det vil gjenta seg også denne gongen. Kira Martini har blitt ei sterk og anerkjent stemme på den danske jazzscenen. Ho er ein travel musikar, som opptrer på både danske og utanlandske scenar. Musikken formidlar ho med ei varm, inderleg og ærleg stemme. Gjennom musikken viser ho sin kjærleik og respekt for jazzen sitt vesen, som både hyller tradisjonane og bryt med tradisjonane. Repertoaret er breitt og inneheld både jazz standard låtar, eigne komposisjonar, brasilianske perler og skandinaviske folkemelodiar. Musikkmeldarar har rosa ho for måten ho tolkar melodiane på og sitt allsidige musikkvalg.
Styret i Kvinnherad mållag oppmodar medlemer og andre interesserte om ta turen til Uskedalen denne kvelden. Målsak og jazzmusikk høyrer saman.
Tekst: Pressemelding/Kristian Bringedal Foto: Hunses Jazzklubb Nett: Kristian Bringedal