Pandemien hadde sett ein stoppar for all aktivitet i koret i mars -20, slik at me kom ikkje i gang att før hausten -21. Røysterett for Alle avvikla difor noko som kan kallast eit ″dobbeltårsmøte″ torsdag som var. Leiar Lars Henrik Skogtun har som fylgje av restriksjonsperioden stått ved roret i tre år – ein jobb han hausta fortent og tydeleg vellæte for. No er Jarle Fossheim vald til ny leiar.

Røysterett for Alle tek til med øving i Helgheim torsdag i denne veka. ( Arkivfoto frå ein julekonsert )


Frå årsmeldinga kan me ta med:
Oppstart vart 26.08.2021 med delt kor – ein halvdel fyrst på kvelden og andre halvdelen sist på kvelden. Dette vara nokre veker, før det vart funne
forsvarleg å øva med alle samstundes. Ein hadde frykta at mange skulle falla frå etter så langt opphald, men den frykta var heldigvis ugrunna.
Pågangsmotet var stort, og til vår store glede synte det seg at svært lite av
″gamle kunster″ hadde gått tapt i brakkleggingsperioden.

Julekonsertar vart difor eit siktemål me vart samde om verkeleg å satsa på i år. Ingvard Pettersen i Herøysundet laga ein flott plakat som me rakk å få trykt, og konsertane vart annonserte i lokalblada. Så vart det nytt vonbrot: Stenging nok ein gong. Stemninga på årsmøtet var likevel energisk og framåtretta, og me meiner me ser eit ljos der framme – ikkje eit møtande tog.


Det gamle styret vart takka, og det nye ser slik ut:

Leiar: Jarle Fossheim – vald for eitt år
Lem: Venke Vetrhus – på val i 2023
Lem: Sidsel D. Stigum – på val i 2023
Lem: Oddveig Blomdal – på val i 2024
Lem: Bente Nævdal – på val i 2024
Vara: Brit Helen Hauan – på val i 2024
Vara: Steinar Naterstad – på val i 2024


Fyrste øving i år: Torsdag 03.02.2022 kl. 19.00 i Helgheim.
Vel møtt til gamle og nye lemer!

Tekst: Svein Rimestad
Foto: Kristian Bringedal/ Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal