I dei siste åra har Husnes Musikklag produsert store arrangement laga rundt eit enkelt tema og involvert ulike kulturgrupper frå heile kommunen. Desse arrangementa har alle innehalde teater, musikk, kunst og dans, og kulminert i live-framsyningar med rundt 100 utøvarar. Tidlegare tema har m.a. vore Shakespeares “All the World’s a Stage”, Charles Dickens` “A Christmas Carol” og Paul Gallicos roman “Snøgåsa”. No er musikklaget klar for neste produksjon: “Japan – eit eventyr!”.

Vilde Helgesen frå Uskedalen (t.v.) har ei viktig rolle i framsyninga.

Prosjektet spinn rundt eit tradisjonelt japansk eventyr, «Momotaro» ( Ferskenguten ), og involverer element av japansk kultur, både moderne og tradisjonell. Deltakarane er frå ulike aldersgrupper og oppsetjinga vil involvera teater, song, dans og musikk frå ulike lag og organisasjonar i kommunen.


Musikken er frå bl.a Studio Ghibli- filmar, japanske videospel og vakkert arrangert japansk folkemusikk. Karateklubben er også med.


Dette blir definitivt eit show for heile familien. Dei fleste deltakarane er amatørar, men nokre er profesjonelle, ikkje minst den profesjonelle regissøren Øystein Kloster, scenograf Ingeborg Kvamme og den japanske pianisten Yuko Shuto, alle frå, eller busette i Kvinnherad. Freya Busby frå Den Norske Opera har laga nokre masker til framsyninga. Produsent for det heile er Clive Anderson, musikklaget sin dirigent.

Røysterett og Husnes Blandskor er med. Maria Malmsten har med teaterelevar. Ho og Ingvild Toskedal syng duetter. Vilde Helgesen frå Uskedalen har ei av hovedrollane,

Japansk kostyme.


Kvelden vil kulminera med eit innslag frå den anerkjente japanske kalligrafen Fugaku Watanabe som reiser frå Tokyo til Husnes spesielt for å delta. Han har eit live show, akkompagnert av musikk, der han målar Kanji-karakterar på scena som og vert projisert opp på ein skjerm bak han. Makan har du aldri sett i Kvinnherad.


Deltakarar:
Husnes musikklag (dirigent Clive Anderson)
Husnes blandakor og Røysterett for alle (dir: Maria Malmsten )
Kammerskoret (musikalsk leiar Hilde Svalbjørg)
Vokalsolistar: Maria Malmsten og Ingvild Toskedal
Piano: Yuko Shuto
Skodespelarar: Hjørdis Østerbø og Brynjulf Lie
vinnherad kulturskule si teatergruppe (leiar Maria Malmsten)
Dansarar frå Kvinnherad kulturskule (kor. Koshi Sabuneti)
Husnes Karateklubb ( leiar Rune Hanssen )
Kalligrafi: Fugaku Watanabe
Manus og regi: Øystein Kloster
Scenografi: Ingeborg Kvamme
Lys: Oddbjørn Kloster
Lyd: Torbjørn Støre Gjerde
Videomiksing: Roy Vaulen
Sminke: Evy Janne Nordal
Sceneleiar: Joakim Espevik
Produsent og konsept: Clive Anderson
Arrangør: Husnes musikklag

Billettar: kr. 200/100,- kan kjøpast på kulturhusethusnes.no

Tekst: Pressemelding - redigert
Foto: Maria Malmsten
Nett: Kristian Bringedal