Janne Hjelmeland - ny dagleg leiar i Rosendal Utvikling.
Janne Hjelmeland som bur på Kråkehaugen her iUskedalen, er tilsett som ny dagleg leiar i Rosendal Utvikling, blir det opplyst i ei pressemelding. Ho startar i stillinga førstkommande mandag, og ho overtar då stafettpinnen frå Bente L. Nilsen som nyleg blei tilsett som dagleg leiar for Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad.
– Janne tiltrer i stillinga måndag 27. september. Vi ser fram til å få ho med på laget, skriv styreleiar Asbjørn Soltveit i Rosendal Utvikling i ei pressemelding.
Janne Hjelmeland har lang erfaring frå næringslivet etter å ha drifta si eiga verksemd, Trend Frisør AS, i 23 år. Her i bygda er også Janne godt kjend m.a. frå engasjementet sitt i turngruppa i Uskedal idrettslag der ho har vore med på det administrative planet i tillegg til at ho kan sjå tilbake på mange sesongar som instruktør for ulike grupper.
Ho tek over stillinga som dagleg leiar etter Bente Lie Nilsen, som er tilsett som ny dagleg leiar i Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Arkivfoto frå Grenda.