Dei som ser på TV Vestland, har merka seg innslaget med Jan H. Sunde der han syner fram og fortel om Theta museet på Bryggen, truleg verdens minste museum. Jan er styrleeiar i Bryggens Venner. Før det var han nestleiar i mange år. Bryggens Venner, skipa alt i 1962, er eit støttelag, den gongen for å ivareta restane etter brannen i 1955. Arbeidet deira handlar både om formidling og det å skaffa midlar til restaureringsprosjekt.

Eit loft på Bryggen var plassen for Thetagruppa.

Den autentiske samlinga syner Theta gruppa sitt hemmelege hovudkvarter på eit loft i Enhjørningsgården, gjenopna av Kong Olav i 1983. Etterretningsgruppa var aktiv frå 1940 og fram til razzia hausten 1942. Dei sende koda meldingar til England, særleg om skipstrafikken på kysten. Etter avsløringa rømde nokre til Sverige eller vestover til England. Andre vart arresterte og fekk dødsdom.

Leiaren i Thetagruppa var Jan Dahm. Andre kjende namn er mellom anna Kristian Ottesen, Bjarne W. Thorsen, Frank Olsen og Rolf Utne, alle med ulike oppdrag. Dei unge medlemene i gruppa var mellom 18 og 23 år. Kristian Ottesen skreiv i 1983 boka “Theta Theta”.

Innslaget med Jan H. Sunde går i fast reprise. Det same gjer Gatelangs, eit program om gater, smug, hus, kyrkjer, kloster, allmeningar og historiske hendingar i Bergen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump frå TV Vestland