I dei to siste møta i Forvaltningsutvalet har det vore oppe ei rekkje saker i og/eller med tilknyting til Uskedalen. Det er for det meste byggesaker, men også sak om sprenging og knusing av stein på Børneset. Den eine saka vart avgjord med leiaren si dobbelrøyst. Bakgrunnen var at utvalet mangla ein medlem og ved likt røystetal er leiar pålagd å bruka si doble røyst.

Her kjem nokre av sakene frå Uskedalen:

  • Emil Clementsen Bringedal fekk på nytt nei til naust på areal ved Sandakien. Etter avslag fyrste gong vart naustet teikna om til eit langt mindre naust. Avslaget er heimla i Plan og bygningslova § 19-2 om å gje dispensasjon frå bygging i strandsona. Fylkesmannen rår frå bygging slik det er søkt om.
Bygging av naust i Beinavikjo vil truleg bli vanskeleg slik lovverket er i dag.
  • Fylkesmannen oppheva vedtak i Forvaltningsutvalet om å gje Else Djuve Arnesen og Sigurd Arne Arnesen løyve til byggja naust i Beinavikjo. Fylkesmannen påklaga vedtaket og saka vart sendt til Fylkesmannen i Rogaland for vurdering. Avslaget er endeleg.
  • Fylkesmannen oppheva også vedtak i Forvaltningsutvalet om å gje Karin Tungesvik og Kjell Tungesvik løyve til å byggja naust på Ænæs. Fylkesmannen påklaga vedtaket. Saka er sendt attende til kommunen for ny vurdering.
  • Jan Helge Pile søkjer om å bygga garasje med bueining på eigendome sin som før er bebygd. Storleiken på eigendomen gjer at det er krav om dispensasjon frå arealdelen i K. planen. Med likt røystetal vart saka avgjort med dobbelrøysta til leiar. Dermed må det lagast reguleringsplan.
  • Forvaltningsutvalet gav Eidsvik Eigedom AS løyve til sprenging og knusing av stein på Børneset. I innstillinga frå Kommunedirektøren vart det sagt ja til tomteplanering, men ikkje til knusing av stein i påvente av ferdig godkjend reguleringsplan. Utvalet ville det annleis og sa ja til både tomteplanering og knusing. Kravet er at det skal takast omsyn til anna næring på plassen. Det gjeld særleg i høve til Hjønnevåg med matproduksjon like ved det omsøkte område.
Forvaltningsutvalet sa ja til sprenging og knusing av stein på Børneset. Arealet ligg til venstre i bilete. Foto: Frode Eidsvik
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal / utsnitt foto Øystein Enæs / dronebilete Frode Eidsvik