Etter at Uskedalselva blei opna for fiske igjen onsdag kveld, har det vore ein god del fiskarar å sjå langs elva. Ein god del av desse har hatt fiskelykka med seg, og til no(fredag kl.12) er det meldt inn 17 fiskar på laksebørsen på elveguiden.no i denne perioden. I dag trefte eg Øystein Helland og dei to ivrige sønene Jonas(16 år) og Kasper (13 år) ved brua over til Hauglandsheio. Begge kunne visa fram fine fiskar(bildet over).

Det er kjekt å registrera at ein del foreldre tar med seg borna sine på fiske i Uskedalselva slik at dei får smaken på spenninga og opplevinga denne fine hobbyen gir. Øystein Helland og sønene frå Valen er blant desse, og dei er blitt godt kjende med elva etter å ha fiska der i fleire år. Denne dagen kunne dei visa fram 3 fine laksar på 2,4, 2,2 og 1,3 kg. Dagen før var fangsten også 3 laksar, og då viste vekta 3,2, 2,7 og 1,8 kg. Øystein fortel at dei to gutane er ivrige fiskarar, og dei har trass sin unge alder fått ein del fine fiskar. Vanlegvis pleier dei å sleppa fiskar under halvtanna kilo uti igjen om dei er uskadde, men den på 1,3 kg i dag hadde slukt angelen, og dermed kunne ikkje den setjast uti igjen.

Øystein fortel at dei ikkje fiskar i andre elvar enn Uskedalselva, men dei fiskar både i sjø og fjellvatn, og er ivrige turgåarar og likar seg godt i naturen. Det er først og fremst dei to gutane som fiskar medan faren kombinerer fisket med å vera kleppar, hjelpesmann og syta for sikkerhet om dei skulle få storfisk på kroken.

Blant dei 17 fiskane som er landa dei siste dagane, er det ein pukkellaks og to sjøaurar. Resten er laks.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.