Ivar Skippervold kjem til Uskedalen fredag 10. mars og held konsert i kyrkja saman med Singing Tweens og born som elles ynskjer å vera med. Skippervold vert ofte omtala som “Kirkemusikkens Torbjørn Egner”. Han har motteke prisar for dei bibelske syngespela sine, heile 20 i talet. Han har studert teologi, musikk og sosiologi, jobba som lærar og rektor. I Uskedalen vil ham framføra Den blinde Bartimeus som eit songspel. Reidar Algerøy spelar piano,.Ivar Skippervold spelar gitar og syng.

Framføringa vert som ein songsyklus der Ivar Skippervold og nokre frå Singing Tweens syng versa og alle i felleskoret syng refrenga. Ein av leiarane i koret les tekstane. Som sagt vert born frå barnelag, barnekor og andre inviterte til å vera med på øvinga i forkant ( kl. 16.30 ) og så framføring kl. 18.00. Alle born frå 5 år og oppover kan vera med i felleskoret. Ta kontakt Nelly KJærland på telefon 95082320.


Til slutt er det viktig å ta med at born frå 1 klasse og oppover er velkomne til å vera med i koret Singing Tweens, no på måndag 23. januar etter skulen. Det er 8 jenter i koret no. 

Meir informasjon om konserten med Ivar Skippervold kjem i tida framover.


Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat