Arbeidet med isolering og ny kledning på Helgheim er i full gang. Stillasen kom på plass i førre veke. Kvinnherad Vaktmeisterservice AS gjer jobben. Dagleg leiar, Rune Volden, fortel til uskedalen.no at arbeidet omfattar tre sider på huset. Tre menn er i arbeid. Kvinnherad Bygg er leverandør av byggemateriealer og Volden er sjølv med på byggeplassen. Fasaden på Helgheim frå 1934 er original. Ei større vøle med påbygg vart gjort på 1960 talet. Elles er huset slik det har vore i alle desse åra. Dei tre veggene vert isolerte med vindsperreduk før ny kledning vert montert.

Jarle Øvrehus syner den originale veggen, frå 1934 peila, ikkje lafta.

Arbeidet er rekna i ta om lag 4 veker Kostnaden ligg rundt kr. 400 000,-. Det neste store renoveringsprosjektet på Helgheim er taket. For å spara kostnader med oppvarming. må helletaket av, evt. nytt sutak, isolering og på att med lappskiferen. Det er vanskelg å sei kor omfattande arbeidet er før ein opnar opp og ser om det er råteskader. Arbeidet med taket er ikkje med i denne omgang. Det er heller ikkje søkt om midlar til det.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal