Isak Taranger nærmar seg kretslaget.
Fotballtalentet Isak Taranger som no går i 8.klasse ved Rosendal ungdomsskule, er blant dei 34 gutane(fødd 2008) som er tatt ut til å spela internkamp i Vestlandshallen på tirsdag. Uttaket blei gjort etter soneturnering på Askøy forrige helg. På vegen dit har Isak delteke på fleire sonesamlingar, og no er han saman med Johannes Johnsen frå Trio dei einaste frå Kvinnherad som er aktuelle for kretslagstroppen for gutar fødd i 2008. På bildet over ser vi Isak Taranger i blå genser bak saman med gode klassekammeratar like før dei var ferdige i 7.klasse før soomarferien.
Etter uttakskampen tirsdag vil det bli tatt ut ei kretsgruppe på 20 utespelarar og 2 målvakter. Viss Isak blir blant dei utvalde, blir det vekentlege treningar for han saman med kretslaget.
Det blir spennande å følgja den sympatiske ungdommen frå Korsnes på fotballbanen framover.
Jentene fødd i 2008 skal ha tilsvarande uttakskamp på mandag. Der er 3 Kvinnheradsjenter involvert.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland