Vi vil invitera både gamle og nye medlemmar velkomne til nyoppussa styrkerom. Styrkerommet har vore stengt ein liten periode, på grunn av slitasje over lang tid. No har vi malt vegger, fått nytt golv og fiksa ein del utstyr. Vi kan på ingen måte konkurrera med dei store treningssentera. Men vi meiner at vi har eit godt tilbud til bygdefolket. Takk for gode tilbud fra Kvinnherad Vekstbedrift, Bygger’n Teigen, Sport 1 Husnes. Og ei ekstra stor takk til Jens Skare for nytt golv. Og ellers takk til dugnadsgjengen og andre gode hjelperar blant bygdafolket.

Medlemmer som allereie har betalt, vil få nøkkelkortet aktivert innan opning. Nye medlemmer, eller dei som ynskjer medlemskap, kan ta kontakt med underteikna på tlf 48160803.

Ved andre spørsmål, ta kontakt.

Helsing styret ved Uskedalen Aktivitetshus AS, ved Per Korsvold

Test/foto: Per Korsvold
Nett: Kristian Bringedal