Kvinnherad frivilligsentral inviterer til festmiddag for dei over 65 år på fleire etestader rundt i kommunen. 1.spetember er det middag på Vertshuset Perla(bildet over). Då blir det trerettars middag og underhaldning frå kl.13 og utover. Det blir også ordna med skyss for dei som treng det. Middagen og skyssen er gratis, men kvar deltakar skal betala ein liten eigenandel på 50 kr for å dekka underhaldninga. Det er påmelding til 900 76 543 innan 22.august. Eigenandelen betaler deltakarane kontant eller med vipps ved frammøte.

Frivilligsentralen søkte om midlar og fekk heile 250.000 kroner frå Statsforvaltaren til å arrangera desse festmiddagane, som skal skje i veke 35, frå måndag 30. august til og med fredag 3. september på fleire plassar i kommunen. Dei andre stadene er Olaløo, Husnes kulturhus, Gry Helges og Rosendal Fjordhotel.

Dette er eit flott tiltak til eldre etter ein lang periode som har vore prega av pandemien. Det er godt å koma ut og møta andre rundt eit godt måltid. Det har vore stor interesse for tiltaket så det gjeld å hiva seg rundt og melda seg på. Ein må hugsa å ta med plassen ein vil gå, på påmeldinga. Viss det blir fullt på Perla, kan ein sjølvsagt melda seg på ein av dei andre plassene.

Tekst og nett:  Thor Inge Døsskland
Foto: Elins Matgleder.