Ei sorggruppe er ein møtestad for enker, enkemenn og for dei med tap av livspartnar. Sorggruppa kan vera ei “fristad” der ein kan møta andre i same situasjon. Her er det rom for samtale og refleksjon, utveksla erfaringar og få hjelp til å leva vidare med tankane sine.

Det er oppstart måndag 24. november kl 17.00 eller kl. 19.00 i Valen kyrkje. Det vert 8 samlingar med relevante tema.

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med Ingunn Koløy ( 476 22 519 ) eller Aslaug Hellesøy ( 995 18 579 ) Eller e-post: post.kyrkja@kvinnherad kommune.no

Ingunn og Aslaug har erfaring frå tidlegare arbeid i sorggrupper.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kyrkja i Kvinnherad