Soknerådet har lagt ned eit stort arbeid med namn og adresser for å sikra at alle dei 111 personane på lista mottek invitasjon til det store konfirmantjubileet 24. og 25. september. Arbeidet med rette namn og adresser er grunnlaget for å vita at ein når ut til alle jubilantane i tilsaman 12 grupper. Google og telefonlister på nettet er til stor hjelp, men ofe må ein spørja kontaktpersonar og slekta elles. Det er likevel ikkje sikkert soknerådet når alle. Difor ver det spurt om hjelp til å spreia kunngjeringa og datoane 24. og 25. september. For å spara porto vert invitasjonen sendt som vedlegg på e-post til alle som har det.

  • Konfirmantane 1940, 1941 og 1942 vert rekna som 80 års jubilantar
  • Konfirmantane 1950, 1951 og 1952 vert rekna som 70 års jubilantar
  • Konfirmantane 1960, 1961 og 1962 vert rekna som 60 års jubilantar
  • Konfirmantane 1970, 1971 og 1972 vert rekna som 50 års jubilantar

Program:

Laurdag 24., september kl. 15.00: Uskedalen – ei bygd i utvikling, bygdevandring/busstur med innlagt bedriftsbesøk og museum. Samling på Kafe Tiaren etterpå.

Sundag 25. september kl. 11.00: Gudsteneste i Uskedal kyrkje. Middag på Vertshuset Perla m/ program og feslege samvære

Tekst/foto/nett: Uskedal sokneråd