Viktig møte i kveld kl.19.

Prosjektgruppa for Uskedalen klatre -og aktivitetshus kallar inn til medverknadsmøte, torsdag 5. mai. kl. 19.00. Dette er eit møte som har vorte utsett i pandemitida. No er alt klart for møte med oppsett program. Prosjektgruppa vonar lag, organisasjonar, ungdomsgrupper og andre tek seg tid til å vera med prosessen for å gjera innhaldet i bygget best mogeleg for alle. Les meir om innhaldet i møte.

Program:

  • Generell informasjon og status for prosjektet
  • Presentasjon av planlagt bygning v/ arkitekt
  • Gruppearbeid
  • Oppsummering og samanfatning av forslaget
  • Avslutning og vegen vidare

Stikkord for drøftinga vert:

  • Behov for areal
  • Behov for øvingstider
  • Medlemsmasse, alder
  • Sambruk med andre
  • Budsjett for rom – kva innreiing ser de for dykk
  • Drift av huset, kan de bidra
  • Eventuell dungad.

Alle er velkomne til Medverknadsmøte, torsdag 5. mai kl. 19.00 i Aktivitetshuset.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal